STAMI – Webinar: Kampen mot arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager – har vi hatt for dårlege verktøy?

Bo Veiersted, pensjonert arbeidsmedisinar og seniorforskar ved STAMI, snakkar om førebygging av arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager.

Muskel- og skjelettplager står for omtrent 40 prosent av sjukefråværet i Noreg, det vil seie å vere sjukemeld på grunn av smerter i nakke, skuldrer, ryggen, armane eller beina.

Totalt oppgir 68 prosent av tilsette i Noreg at dei har slike plager, og heile 3 av 5 av desse oppgir at plagene er arbeidsrelaterte. Så førebyggingspotensialet er derfor stort. Men vi har ikkje klart i rimeleg grad å utnytte dette potensialet.

Årsakene til muskel- og skjelettplager er samansette, og både fysiske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar kan bidra til utvikling og forverring av slike plager. Faktorar som arbeidsstillingar, tunge løft, rollekonfliktar og leiing kan alle bidra til utvikling av plager.

På webinaret vil Bo Veiersted snakke om arbeidsrelaterte eksponeringar og muskel- og skjelettplager i eit førebyggingsperspektiv.

Velkomen til webinar torsdag 17. mars 2022, kl. 09-10!
Trykk her for å melde deg på.



Hopp rett ned til innholdet